Tilbake til alle arrangementer

Bedriftsbesøk Statkraft

Som ein del av programmet til Sognacamp inviterer Statkraft til besøk i Jostedal Kraftverk onsdag 9. juli. Dette er eit tilbod til deg som vil få eit innblikk i korleis eit større vasskraftverk blir drifta og organisert. Turen er relevant for mange ulike fagområde, og du treng inga førehandskunnskap for å delta. Det blir først ein presentasjonar av Statkraft og deretter synfaring i Jostedal Kraftverk.

Praktisk informasjon:
– Dato: Onsdag 9. juli 2025
– Tid: 09:00
– Oppmøte: Statkraft sine kontorer i Gaupne (https://maps.app.goo.gl/Yj1vh1FnGC2aKCsV8)
– Deltakaravgrensing: Det er plass til maks 20 deltakarar
– Påmelding: Meld deg i skjema under
– Legitimasjon: Alle må sende inn kopi av gyldig legitimasjon seinast dagen før besøket

Besøket krev påmelding og godkjend legitimasjon for å få tilgang til anlegget. Det er viktig at vi har fullstendig deltakaroversikt, og at legitimasjon er sendt inn i tide.

Dersom det blir fleire påmelde enn vi har plass til, prioriterer vi etter rekkefølgje på påmelding.

Forrige
Forrige
8. juli

Afterwork

Neste
Neste
10. juli

Kveldstur til Molden