Kva er SOGNACAMP?

Sognacamp er ei unik sommaroppleving der du kombinerer ein spennande sommarjobb med aktivitetar i verdas vakraste natur, og blir ein del av eit inkluderande fellesskap som gir minner for livet.

Velkomen til Sogn, eit område rikt på historie, spektakulær natur og spanande moglegheiter! Sogn ligg midt i hjartet av Vestland fylke og er kjent for sine dramatiske fjordlandskap, majestetiske fjell og sjarmerande bygder. Regionen har ei stolt historie som går tilbake til vikingtida, og naturen her har alltid vore ein viktig del av livet til folk, både som arbeidsplass og leikearena. Sogn er og ein region med eit moderne og framtidsretta næringsliv. Her finn du eit breitt spekter av kompetansearbeidsplassar, anten du studerer teknologi, ingeniørfag, økonomi eller andre fagretningar. Regionen har sterke miljø innanfor fornybar energi, IT, industri og reiseliv, der innovative bedrifter jobbar tett med forskingsmiljø og akademia. Frå kraftprodusentar til teknologiselskap og gründerbedrifter. Sogn byr på utfordrande og spennande karrieremoglegheiter.

 

Aktivitetar

Som deltakere på Sognacamp får du ein spennande jobb på dagtid og på kveldar og helga ventar eit variert program med aktivitetar. Her kan du bli med på alt frå afterwork og fjellturar til crossfit, morgonbading, klatring og mykje meir. Gjennom campen blir du kjent med andre sommarvikarar frå andre bedrifter i Sogn, og saman får de oppleve alt det Sogn har å by på. Vi legg opp til 2–3 aktivitetar i veka. Helgane brukar vi på dei større opplevingane, medan vekedagane byr på enkle og lågterskel aktivitetar det er lett å hive seg med på.

Sjå video fra Sognacamp 2025

Her er noko av det du kan sjå fram til som deltakar:

  • Relevant arbeidserfaring: Gjennom ein spennande jobb får du verdifull innsikt og praktisk erfaring som gjer deg godt rusta for framtida.

  • Bustad : Vi eller arbeidsgivar hjelper deg med bustad slik at du kan fokusere på jobb og trivsel.

  • Eit rikt sosialt program: Vi legg til rette for aktivitetar som fjellturar, padling, bretur, klatring og kulturelle opplevingar, alt for å vise fram det beste av Sogn.

  • Oppfølging gjennom sommaren: Du får støtte og oppfølging frå dedikert personell i tillegg til ein aktsivitetskordinator som kjenner til alt det morsomme å finne på i Sogn.

  • Fellesskap med andre studentar: På campen møter du andre på din eigen alder som også har sommarjobb i Sogn. Saman får de eit inkluderande miljø der de kan dele opplevingar, skape nye vennskap, lære av kvarandre

  • Personleg og fagleg utvikling: Gjennom tilbakemelding og evalueringar får du moglegheita til å styrke dine ferdigheiter og bygge sjølvtillit.

Sognacamp gir deg ikkje berre ein jobb, men også ei oppleving for livet. Opplev Sogn, bygg nettverk og utvikle deg fagleg i ein sommar fylt av utfordringar, læring og vakker natur.

Alt av opplegg og aktiviteter blir dekka av din arbeidsgiver og er gratis for deg. Er du klar til å bli med?

Kontakt oss

Synest du dette ser spennande ut? Send oss ein mail så svarar på alt du måtte lure på.

Har du lyst på sommarjobb i Sogn, men finn ingen som passar heilt til deg? Ingen problem, vi hjelper deg å finne ei bedrift som matchar dine interesser og kompetanse.

Henrik Skyttermoen

Prosjektleiar og aktsivitetskordinator