Ledige stillingar
Sommarjobb / Internships 2026 Fornybar energi, nettverk og Sogn på sitt beste – bli med på Camp Sognekraft!
Er du student og vil jobbe med framtidas løysingar innan fornybar energi – og oppleve Sogn på sitt beste?
Vi søker fire engasjerte studentar til prosjektarbeid i Sogndal 22. juni – 31. juli 2026. Bustad og bil blir stilt til disposisjon.
👉 Søknadsfrist: 27. oktober 2025
Bli med på moroa
For å vere med på Sognacamp må arbeidsplassen din vere ein del av opplegget. Dei ledige stillingane nedanfor er knytt til Sognacamp, og dersom du får ein av desse jobbane, får du også ta del i aktivitetane og bli kjent med andre deltakarar i campen.
Dersom arbeidsplassen din ikkje allereie er med i Sognacamp, kan du likevel bli med! Ta kontakt med Henrik Skyttermoen (henrik@sognnaring.no) eller snakk med din kontaktperson i bedrifta. Du kan enten betale ein eigenandel å delta, eller vi kan ta kontakt med arbeidsgivaren din for å sjå om dei ønskjer å sponse deltakinga.
Møt dei andre sommarvikarane
På Sognacamp blir du ein del av eit sosialt og fagleg fellesskap med andre sommervikarar frå fleire spennande verksemder i regionen. Her får du høve til å knyte kontaktar og dele erfaringar med studentar som jobbar hos Sognekraft, Statkraft, Highsoft, Digdir, Sogndal Kommune, NAV, Statens Vegvesen og Statsforvalteren i Vestland.
Gjennom campen vil du ikkje berre få ei givande sommarjobboppleving, men også moglegheita til å bygge nettverk med unge talent frå ulike fagområde. Med eit variert aktivitetsprogram utanom arbeidstid får du både fagleg og sosialt utbytte – og kanskje nye vener for livet!