
Bli med som bedrift!
Gjer som mange andre bedrifter i regionen og meld dykk på Sognacamp! Dette er ei unik moglegheit til å tiltrekke dyktige studentar, bygge sterke relasjonar og vise fram arbeidsplassen din som ein attraktiv karriereveg
Sognacamp er eit rekrutteringstiltak som gir bedrifter ei unik moglegheit til å knyte studentar tettare til både arbeidslivet og regionen. Gjennom fem veker fyller vi sommaren deira med uforgløymelege opplevingar, nettverksbygging og eit positivt inntrykk av kva Sogn har å by på. Dette aukar sjansen for at studentane ønskjer å vende tilbake som framtidige tilsette eller entreprenørar i regionen.
Korleis fungerer det? Som bedrift kan du melde inn studentar som allereie har fått sommervikariat hjå dykk. Sogn Næring tek seg av alt det sosiale utanom arbeidstid, medan bedrifta di står for det faglege innhaldet og sjølve arbeidsoppgåvene.
Krav til bedrifter for å være med:
Arbeidsstad: Sogn.
Sommervikaren må vere over 18 år
Arbeidsgivar oppfordras til å stille med hybel/bustad for studentar som kjem utanfrå, i samarbeid med folkehøgskulen eller Saman.
Tilby fleksibilitet og varierte arbeidsoppgåver som gir relevant erfaring.
Fellesskap og opplevelingar
Sommervikarane dykkar får både fellesskap og mange opplevingar. Det gjer sommaren minneverdig og aukar sjansen for at dei vil kome tilbake til Sogn for å starte karriere og jobbe hjå dykk. Video er fra Sognecamp 2025
Innhold spesialtilpassa din bedrift
Gjennom sommaren har di verksemd høve til å kjøpe tilleggstenester. Desse omfattar mellom anna innhaldsproduksjon som er skreddarsydd til di bedrift. I videoen ser de eit døme på Sognekraft si tilpassa løysing.
Blir kjent med regionen på en ny måte
Gjennom Sognacamp legg vi og opp til bedriftsbesøk, slik at sommervikarane kan bli endå betre kjent med regionen. Dette gir dei eit klarare bilete av dei mange moglegheitene som finst her, og viser at Sogn er ein spennande stad med brei kompetanse og mange ulike arbeidsplassar. I videoen ser de eit døme på bedriftsbesøk hjå Statkraft i Gaupne.
Priser og tilleggstjenester
Sognacamp deltakelse
- ✓Deltakarar får være med på spennande og varierte aktivitetar
- ✓Synligheit i våre kanalar
- ✓Deltakarane får eit tett fellesskap gjennom sommaren
- ✓Bedrifta blir ein del av rekrutteringsnettverket med to årlege møte
- ✓Deltakarane får Sognacamp-merch
kr 4500,- per deltakar
Dag med fotograf
Gjennom ein dag med profesjonell fotograf får bedrifta di visuelt innhald av høg kvalitet som kan brukast i marknadsføring og rekruttering.
1-minutts video (ståande eller liggjande format, tilpassa ønskja kanal)
10 profesjonelle bilete til fri bruk i bedrifta si marknadsføring
kr 8000,-
Bildebank
Bedrifta får tilgang til ein felles bildebank med profesjonelle bilete frå både Sognacamp og regionen generelt. Dette gir eit breitt utval visuelt innhald til bruk i rekruttering, profilering og marknadsføring.
Variert utval bilete frå aktivitetar og opplevingar i campen
Profesjonelle bilete som viser natur, kultur og arbeidsliv i regionen
Bilete som formidlar fellesskap og trivsel
Klarert innhald klart til bruk på nettsider, sosiale medium og i trykksaker
kr 6000,-
Aktivitetskordinator
Henrik Skyttermoen- Rådgjevar Sogn Næring
Henrik Skyttermoen er til dagleg rådgjevar i Sogn Næring, der han har ansvar for å planleggje og gjennomføre arrangement, i tillegg til å jobbe med rekrutteringsarbeid. Med brei erfaring frå reiselivsbransjen og eit brennande engasjement for aktivitetar, er Henrik ein person som alltid finn dei beste opplevingane Sogn har å by på.
På fritida er Henrik ein ivrig utforskar av alt det spanande regionen har å tilby, frå stisykling og fjellturar til elvepadling og klatring. Han har budd i Sogn i sju år og kjenner kvar einaste krik og krok, noko som gjer han til ein ekspert på å finne fram til dei skjulte perlene og dei morsomaste aktivitetane i området.
“Ein går aldri tom for morosame ting å finne på her, og det er nettopp derfor eg valde å bli,” seier Henrik. Denne lidenskapen for både natur og friluftsliv gjer han til ein uvurderleg ressurs for å gi deltakarane i sommarprosjektet ei oppleving dei seint vil gløyme.
Henrik sin kunnskap og entusiasme for Sogn sørgjer for at aktivitetane blir varierte, inkluderande og tilpassa alle – anten du er ny i regionen eller allereie ein erfaren friluftsentusiast.
Fotograf og innholdsprodusent
Vi har med oss ein profesjonell fotograf som vil dokumentere prosjektet gjennom høgkvalitets bilete og film. Fotografen vil fange essensen av aktivitetane, arbeidsmiljøet, naturen og kulturen som utgjer prosjektet. Med eit skarpt auge for detaljer og historieforteljing, vil bileta bidra til å løfte innhaldet vårt og skape engasjerande visuelt materiell til bruk i marknadsføring og kommunikasjon.
Gjennom prosjektet vil fotografen sikre autentiske og inspirerande bilete som speglar opplevinga deltakarane får, og formidle prosjektets betydning på ein levande måte.
Aktivitetar
Som ein del av Sognacamp får sommarvikarane dine høve til å delta på eit breitt spekter av aktivitetar. Alt frå afterwork og fjellturar til crossfit, morgonbading, klatring og mykje meir. Erfaringane frå Sognacamp 2025 viser at dette er ein innovativ og effektiv måte å rekruttere på. Gjennom campen får deltakarane oppleve Sogn frå alle sider. Dei får både eit innblikk i arbeidslivet gjennom sommerjobben og eit møte med dei mange fritidstilboda som ventar etter arbeidstid gjennom Sognacamp. Ein perfekt kombinasjon for å vise alt Sogn har å by på. Aktivitetane gir og ein unik sjanse til å bli kjent med andre sommarvikarar i regionen og bygge nettverk, eit nettverk som gjer det enklare å kome tilbake til Sogn i framtida.
Gjennom sommaren har vi som mål å tilby 2–3 aktivitetar i veka. Helgane brukar vi til dei litt meir eksklusive opplevingane som krev påmelding, medan vekedagane byr på enkle lågterskelaktivitetar som gjer det lett å bli med.
Bilder fra Sognacamp
I bileta under ser de eit breitt utval. Ved å kjøpe tilleggstenesta bildebank får bedrifta di tilgang til ein omfattande bilebank. Her får ein bilder frå sjølve Sognacampen, men og eit stort spekter av andre relevante bilete frå Sogn. Desse kan brukast aktivt i rekrutteringsarbeidet og til å synleggjere regionen på best mogleg måte.






























Meld på din bedrift
Fyll ut skjemaet under, så tek vi kontakt med deg så snart som mogleg. Ved å fylle ut skjemaet gjer du ikkje ei endeleg påmelding med ein gong – dette er berre første steg i prosessen. Vi tek kontakt for å gå gjennom informasjonen saman med deg, avklare detaljar og sikre at alt er på plass før vi registrerer di bedrift.
Vår målsetjing er å gjere det enkelt for deg å delta, samtidig som vi sørgjer for at alle behov og forventningar vert tekne hand om. I tillegg gir vi deg moglegheit til å stille spørsmål eller få meir informasjon om prosjektet dersom det er noko du lurer på.
Spørsmål kan også stilles direkte til Henrik til henrik@sognnaring.no