Velkomen til starten på Sognasommaren! Vi kickstartar campen med ei uformell og triveleg samling på Campus Sogndal, der du får møte både dei andre deltakarane og arbeidsgivarane som er med i årets Sognacamp.
Det blir bli-kjent-aktivitetar (av den u-kleinte typen), noko godt å bite i, og eit kort inspirasjonsinnlegg for å setje tonen for det som ventar. Her legg vi grunnlaget for eit inkluderande og sosialt fellesskap – og kanskje eit par nye vennskap på kjøpet.
Kick-offen handlar om å lande godt, bli kjent og få ei god kjensle på kva som ventar – både i sommarjobben og i alt det som skjer utanom arbeidstid.kst