SOGNACAMP SØKJER AKTIVITETSKORDINATOR

Arbeidsperiode: 01. juli - 31. juli

Engasjement: 5 veker gjennom enkeltpersonforetak

Lønn: 25 000,-

Krav: Søkaren må ha god kjennskap til Sogn og regionen, og vere kjent med kva ein kan finne på av aktivitetar og opplevingar. Det er òg viktig at søkaren kan ta enkle bilete og video med mobil og publisere dette i sosiale medium.

Arbeidssted: Sogndal

Arbeidstid: Arbeidstida vil variere i takt med aktivitetsprogrammet i campen. Vi forventar at du deltek på aktivitetane, er tilgjengeleg for deltakarane undervegs, og set av noko tid til å publisere innhald i sosiale medium.r

Bil: Tilgang på bil er inkludert

Søknadsfrist: 30. april kl 1600

Vi søker deg

Sogn Næring ser etter deg som vil vere med å skape gode opplevingar for andre. Vi vil ha deg som kjenner Sogn, som veit kva regionen har å by på, og som trivst i møte med folk. Gjennom fem veker i Sogn vil du få ei sentral rolle i gjennomføringa av Sognacamp 2026 – eit rekrutteringstiltak for studentar med sommervikariat i regionen.

Sognacamp er ein heilt spesiell sommar for deltakarane, og vi ønskjer at du er med på å gjere opplevinga både sosial, inkluderande og minneverdig. Du vil vere tett på deltakarane gjennom kvardagen deira: ta dei godt imot, vere til stades på aktivitetar som fjellturar, kajakk, klatring og sosiale samlingar, og bidra til at alle føler seg sett og inkludert.

Som aktivitetskoordinator og vert for Sognacamp er du med på å skape stemninga i campen. Du sørger for god flyt i aktivitetane, er tilgjengeleg for spørsmål og tek initiativ der det trengst. I tillegg vil du dele enkle glimt frå sommaren gjennom bilete og video på sosiale medium, slik at vi får vist fram livet i Sogn slik det faktisk er.

Du får vere ein del av eit engasjert miljø, bli kjent med folk frå ulike stader, og oppleve Sogn på sitt beste gjennom ein aktiv og sosial sommar. Dette er ei rolle for deg som likar å ta ansvar, som er imøtekommande og trygg i møte med andre, og som ønskjer å bidra til at andre får ein sommar dei hugsar.

Om oppdraget og rammene rundt

Stillingstittel: Aktivitetskoordinator og vert for Sognacamp 2026
Oppdragsgjevar: Sogn Næring AS
Engasjement: 5 veker, frå 01. juli til 31. juli 2026
Arbeidsstad: Sogndal (med aktivitetar i ulike delar av Sogn)
Arbeidsform: Oppdrag via enkeltpersonføretak
Honorar: kr 25 000 (eks mva)
Arbeidstid: Arbeidstida vil variere i takt med aktivitetsprogrammet i campen. Kvelds- og helgearbeid må påreknast i samband med aktivitetar og arrangement.

Oppdraget omfattar:
Deltaking og tilrettelegging på aktivitetar gjennom Sognacamp, samt å vere ein synleg og tilgjengeleg vert for deltakarane. Du vil bidra til god gjennomføring, skape trivsel og sørge for at alle føler seg inkludert. Oppdraget inneber også å ta enkle bilete og video med mobil og dele glimt frå sommaren i sosiale medium.

Krav til søkaren:
God kjennskap til Sogn og kva regionen har å by på av aktivitetar og opplevingar. Du må vere sjølvstendig, strukturert og komfortabel i møte med nye menneske. Evne til å ta enkle bilete og video og publisere dette i sosiale medium. Førarkort klasse B er ein fordel. Må ha enkeltpersonføretak og kunne sende faktura.

Retningslinjer og rettar:
Alt innhald som vert produsert i samband med oppdraget er Sogn Næring sin eigedom.

Vi tilbyr:
Eit sosialt og aktivt sommaroppdrag med varierte opplevingar. Tilgang til bil, tett oppfølging og moglegheit til å bli kjent med både regionen og deltakarane gjennom ein innhaldsrik sommar.

Slik søker du

Har du lyst til å bli med på laget og dokumentere Sognacamp 2025?

Send ei e-post med emnefeltet «Søknad aktsivitetskordinator Sognacamp» eller «Spørsmål til stilling ktsivitetskordinator Sognacamp» til henrik@sognnaring.no. I søknaden ønskjer vi at du legg ved ei kort beskriving av deg sjølv og erfaringa di.

Du treng ikkje skrive eit formelt brev – vi vil først og fremst bli kjent med kven du er, kva du kan og kvifor du har lyst på oppdraget. Og du må ikkje vere redd for å ta kontakt – anten du har spørsmål, vil lufte ei idé, eller berre er litt nysgjerrig. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Kontaktinfo

Navn: Henrik Skyttermoen

e-post: henrik@sognnaring.no

tlf: 93620411

Stilling: Prosjektleiar Sognacamp

Her ser du aktivitene du skal ha ansvar for